KVA HEV MAALFORMI AA SEGJA
FOR DET RELIGIØSE LIV HJAA FOLKET
- SERSKILT HJAA UNGDOMEN
I.
Maal-situasjonen hjaa oss i dag hev fyresetnaden sin i det nasjonale
nedfallet i dansketidi og den nasjonale atterfødingi i
nyare tid.
Eg vil faa referera nokre historiske fakta um dette nedfallet
og denne atterreisingi.
I den fyrste sjølvstendetidi vaar var her eitt maal i Noreg,
som var baade tale- og skriftmaal.
I den danske unionstidi trengde dansk skriftmaal inn. Kongen
gjekk yver til dansk for aalvor i 1450; i det fylgjande tri-kvart
hundradaaret gjekk det aller meste av embætsverket under honom
yver. I det 16. hundradaaret vann dansk heilt fram som
skriftmaal. Det vart talemaal òg for ein lut av nasjonen i tidi
deretter, — rett nok med norsk tonefall.
Norsk som skriftmaal gjekk under.
Me fekk ei maalkløyving i denne tid.
Paa den eine sida: eit nedervt norsk talemaal. Det brukte den
store mengdi av folket. Men det hadde ikkje noko skriftmaal
uppyver seg til samlande organ.
Paa hi sida: eit dansk eller sterkt dansk-lita talemaal. Det
brukte faae. Men det hadde eit skriftmaal yver seg, innført fraa
Danmark; og etterkvart som aalmugen fekk upplysning, vart
dette faamanns-skriftmaalet til skriftmaal og kulturmaal for
store norsktalande mengdi òg.
Den politiske og litterære unionen, varde ikkje lenge nok til
at denne maalkløyvingi kunde verta utjamna, og einskapen upp-att-skipa
(paa dansk grunnlag). Etter unionsbrotet hev tvertimot
kløyvingi vorte sterkare understrika.
Maalreisingi kom upp som eit atterslag imot det som hadde
vore. Ho vil skapa eit skriftmaal til samlande kultur-organ for
den store norsktalande mengdi, og samstundes knyta traaden
att til den gamle rein-norske tidi. I si tid vil ho faa gjort dette
ny-norske skriftmaalet til sams maal for heile nasjonen.
Paa hi sida hev mange or det norskdanske samfundet reist
segtil aktivt vern for det andre maalet, det som hev raadt i
yverbygnaden i det norske samfundet nokre hundradaar. For
den prestisjen skuld som eit tilvant skriftmaal og herremaal
jamt fær, hev dei havt med seg ein stor lut av deim som etter
talemaalet soknar til nynorsken.
Medan maalkløyvingi fyrr var til stades meir dult, hev me no
fenge tvo stridsflokkar imot kvarandre. Motsetnaden hev til
sine tider og paa sine stader vore retteleg kvass.
I kyrkja òg hev me fenge denne kløyvingi. Framvokstren der
hev fylgt dei same vegane som i samfundet elles, um han so
kann ha gjenge noko seinare stundom.
I millomalderen var norsk kyrkjemaal. Det vart endaa til
skapt ein kyrkjeleg litteratur, — homiletisk og annan uppbyggjings-litteratur,
ei Bibel-umsetjing; salmen og onnor trudoms-dikting
var repræsentera.
Men i 1510 gjekk erkebiskopen yver til dansk (Erik Valkendorf).
Reformasjonen styrkte dansken. I fylgje med reformasjonen
fekk me den danske kristenretten (kyrkjeordinansen) i
1539, dansk Bibel i 1550, den danske altarboki i 1559, dansk salmebok
i 1569 (Hans Thomissøn).
Me fekk daa den same kløyvingi som i det borgarlege samfundet:
Storluten av kyrkjelyden tala det nedervde norske maalet.
Forkynnarane tala eit anna. Paa dette andre maalet vart vedkjennings-
og uppbyggjingsskriftene og den kristelege upplæringi.
I den nyare tid hev kløyvingi vorte understrika i kyrkja òg.
For det er dei same folki der som i det borgarlege samfundet.
Ein hev fenge baade maalreisingi og den aktive norsk-danske
reaksjonen der. Og det hev ikkje kunna hindrast at til sine tider
og paa sine stader hev motsetnaden vore retteleg kvass i kyrkja
med.
II.
Eg trur det kann vera greidt aa taka med nokre upplysningar
um styrketilhøvet millom dei tvo maali som det er i dag innan
kyrkja, — ikkje som talemaal, men som gudstenestemaal.
Det er ikkje so lenge sidan norsk tok til aa koma seg inn i
kyrkja. Det er ikkje fyrr etter 1900. Nokre nynorske salmar
hadde nok vorte tillatne til attaat-bruk noko tidlegare. Blix-salmane
var autorisera i 1892; men dei hadde ikkje vorte innførde
anna berre i nokre faae kyrkjor. — Alt hitt ligg etter hundradaarsskiftet.
I 1907 vart altarboki paa norsk godkjend. Ho er no innførd i
umkring 240 kyrkjor av ca. 900 (ikkje so faae av desse soknene
er smaae; difor vert ikkje procenten so stor etter folketalet).
I 1925 kom Nynorsk salmebok. Ho er innrøysta no i umkring
175 kyrkjor.
Alle desse kyrkjone er paa bygdene.
Dessutan er det ei rad med kyrkjor som skal ha nokre nynorske
gudstenestor um aaret, — fraa 2 og upp til heivti. Dei
fleste av desse kyrkjone med ligg paa bygdene, men nokre i
byane. Dei største byane som hev skipa seg soleis — burtsét
fraa Oslo med Slottskapellet — er Aalesund og Haugesund.
Til 1926 var Blix-salmane innkomne i vel helvti av kyrkjone,
noko yver 500 av ca. 900. Kgl. res. fraa 1. oktober 1926 avskipa
resolusjonen fraa 1892 um Blix-salmane, og innførde nynorske
salmar i alle kyrkjor, soleis at dei anten kunde ha nynorsk til
hovudmaal i salmesongen (Nynorsk salmebok) eller til attaat-maal.
Prestane og sokneraadi hev rett nok stelt det soleis at
dette vedtaket fraa kyrkjestyret — um attaat-maalet — enno
vide stader er eit papirvedtak.
I barneskulen er nynorsk innførd til hovudmaal i umkring
2100 skulekrinsar, — ein god tridjepart av bygdene, ikring 16
pct. av barnetalet i heile riket. Sidan skulen vaar er ein konfessjonsskule,
vil det segja at ikring ein settepart av den uppveksande
ungdomen i dag fær kristendomsupplæringi si paa
nynorsk.
Nynorsken fær nokre nye skular og kyrkjor kvart aar. Framvoksteren
gjeng i bolkar. Nett i dei aller siste aari hev ikkje
yvergangen vore so sterk. I 1931 tok — ikkje betre eg veit —
ein 10 nye kyrkjor nynorsk altarbok, ein 9 kyrkjor Nynorsk salmebok,
og ein 12 skulekrinsar eller so kom til. I 1932 hev det
vore noko fleire skulekrinsar og noko færre kyrkjor.
Desse tali gjev ikkje noko fullkome bilæte av stoda aat dei
tvo maali — som skriftmaal og kulturmaal — ute i folket. Dei
aller fleste distrikt er blanda, anten dei officielt hev gjenge med
paa den eine eller den andre sida. Utanfor dei officielt nynorske
distrikti hev soleis nynorsk mange stader vunne sterk inngang,
serleg millom ungdomen.
I 1931 var det ei officiell røysting innan kommunestyri, justisdepartementet
hadde sett henne i gang. Lista fraa departementet
yver utfallet av røystingi den 30.—6. 1932 ser soleis ut:
243 kommunestyre for nynorsk.
233 for bokmaal.
273 nøytrale (derimillom «kommune-fylki» Oslo og Bergen. —
I det aaret som hev gjenge sidan juni i fjor, hev talet paa nøytrale
kommunar minka noko, og talet paa nynorske tilsvarande
vakse).
Me torer ikkje rekna med at desse kommunerøystingane heller
speglar fullkome av folkemeiningi paa dei ulike kantar. Men
eg trur dei gjev eit tolleg godt heilskapsbilæte. Dei gjev den
beste rettleiding me enno hev um korleis dei tvo maali stend
ute millom det jamne, store folket.
III.
Den maalstoda som historia vaar soleis hev skapt, ho hev
skapt serlege problem for den norske kyrkja.
Problemet var der alt fyre maalreisingi. For vel er det so at
i alle land vil det vera skilnad millom skriftmaal og kulturmaal
paa ei side og dialektar, folkemaal, paa hi. Men her hjaa oss
var skilnaden større enn han trong um aa vera, for di skriftmaalet
paa ei rad fundamentale punkt stod imot alle dialektar
(praktisk tala). Det gjer ein skilnad og skapte serlege vilkaar
og serlege problem.
Men etter maalreisingi kom upp, hev problemet vorte tilkvest,
uppgaavone og vanskane større.
*
— No maa me segja: Spursmaalet um nynorsk og bokmaal hev
ikkje no heller vorte noko livsspursmaal for den norske kyrkja.
Skilnaden millom maali er ikkje større enn at me skynar kvarandre.
I fleire hundrad aar var gudsteneste og kristendomsupplæring
paa rein dansk (ikkje norsk-dansk ein gong); so rein
som norskfødde menn kunde faa det. Trui berga seg, og var
kann henda til sine tider større daa enn no. Kyrkja kunde endaa
til skjota so livskraftige skot som Hauge-rørsla og rørsla
kring Gisle Johnson. Det vilde vera djervt daa aa segja at det
kom til aa verta katastrofe for kyrkja og det religiøse livet hjaa
oss um kyrkja heldt fram med norskdansk radt til dagane endar
og det baade i bygd og by. Likso vel som det vilde vera
djervt aa segja at det kom til aa verta uboteleg skade for kyrkja
og kristenlivet, um den norske kyrkja gjorde det utrulege, og
gjekk av no so braatt ho kunde og sette nynorsk til uniformt
gudstenestemaal og kristelegt upplæringsmaal, i kvar einaste
bygd og by. — Naar difor ein kjend prestelærar i fjor haust tala
um i avisone at det var «kirkenedbrytende» og «menighetsnedbrytende»
berre det var tilsett ein einsleg nynorsk prest i ein
større by, so var det — sagt utan umsveipor — uvitug manns
tale. Kyrkja ramlar ikkje so braatt. Og naar ein prost — som
sjølv var millom søkjarane — vart so uppøst at han skreiv offentleg,
at her hadde djevelen sjølv vore ute, og dersom «kirken
finner sig i denslags foreteelser, saa er den selvsagt dømt
til undergang», — so er det berre skamfullt at ein mann det er
kosta prestelærnad paa kann faa seg til aa skriva noko so vitlaust.
Kyrkja kann vera eit organ til aa fremda kristelegt liv, anten
ho brukar nynorsk eller bokmaal. Den sanningi fær dei halda
seg til, — fanatikarane òg. Dei fær ikkje tynt kyrkja eller kristenlivet
anten med det eine eller det andre. Trui hev djupare
røter i menneskjeleg trong enn som so.
Dei bør halda maate med ordi — fanatikarane òg -, og lata
kvar ting ha sitt rette høve.
*
Eg vil skjota inn: Av dette som eg her hev sagt fylgjer, at
spursmaalet um maalformi i kyrkja hev meir aa segja for den
nasjonale, spraakpolitiske utviklingi enn for den kyrkjelege.
For um det ikkje kann gjera katastrofal, avgjerande skade for
det religiøse livet korleis kyrkja steller seg i maalspursmaalet,
so er ho ein ovende viktug faktor i spraakutviklingi, paa grunn
av det nære og inngripande tilhøvet ho stend i til folket, og
paa grunn av den moralske og aandelege autoriteten ho hev.
Kyrkja er ein kulturfaktor og spraakfaktor av fyrste rang ved
sjølve gjerningi si, anten ho gjev seg um aa vera det eller ei.
Ho kann hjelpa munaleg til med aa tyna radt ned maalet aat
eit folk. Og daa gjeld Jørgen Løvlands ord: «Taper et folk sit
morsmaal og tar et andet sprog, — det tap kan aldrig gjenoprettes».
Og ho kann paa hi sida likso visst gjera ovleg mykje
til aa frelsa maalet aat eit folk, dersom ho steller seg positivt
til det eller endaa til berre nøytralt.
Nettupp for di ho soleis gjeld so ovende mykje for maal-lagnaden,
lyt maalspursmaalet innan kyrkja her hjaa oss objektivt
sét faa meir aa segja for det nasjonale livet enn for kristenlivet.
— Eg ynskjer aa segja: For meg er spursmaalet um maalformi
i kyrkja i fyrste rekkja eit nasjonalt, spraakpolitisk spursmaal.
Det er beint fram ei trong for meg aa segja det naar eg ser
mangt som vert skrive.
Eg vaagar aa meina: Soleis er det for dei aller fleste, baade
maalmenn og bokmaalsmenn, baade kyrkjemenn og lækmenn,
baade for truande og ikkje-truande paa baae sidor. Eg segjer
ikkje at det er soleis for alle, men for del aller fleste. Det nasjonale,
spraakpolitiske momentet er det som hev vege mest i
dei ordskifte um maalet i kyrkja som hev vore. Det hev lagt
farge og intensitet i argumenti. Og soleis vil det verta heretter.
Og soleis maa det vera. For maalstriden hev daa si rot i den
politisk-nasjonale soga vaar, ikkje i kristendoms-utviklingi her
i landet.
Eg meiner endaa til at ordskifti vilde lyftast mykje, dersom
baae partar gjekk ved dette, kva som er grunnmotivet deira.
Ordskiftet vilde verta meir realt, mindre beiskt, friare for hyklarskap,
innhole talemaatar, sjølvrettferdige deklamasjonar og
vridne, framleita grunnar. Sanningi hev ei merkeleg reinsings-
og lyftingsmakt i seg. Kor mykje høgre vilde ikkje ordskiftet
kring bispevalet i Bjørgvin hausten 1931 ha vore, dersom det
hadde vore tvert igjenom blankt og realt fraa baae sidor! Og
kor mykje gjævare hadde det ikkje vore um alle som var med
i ordskiftet i fjor haust um Nykyrkje-presten i Bergen hadde
gjenge greidt ved kva som brann i deim og gav egg til ordi!
At folk ikkje ser eller ikkje vil sjaa kva som ligg attarst til
grunn paa baae sidor, er det som driv fram slike giftblomar som
avisstykki fraa den prosten og den prestelæraren eg nemnde i
stad.
Det uklaare og det usannferdige er det mest av paa bokmaals-sida,
som rimeleg er. For dei hev noko aa tapa ved eit umskifte.
Men det er uhyggjeleg mykje uklaart paa den nynorske sida òg.
*
Men det var ikkje um kyrkjemaalet som nasjonal, spraakpolitisk
faktor me skulde tala, eller um tilhøvet millom dei
nasjonale og kyrkjelege verknadene av maalstoda aat kyrkja.
Det var den religiøse sida ved spursmaalet me skulde halda
oss til.
Der gjeld det: Um maalspursmaalet i kyrkja er uppkome av
nasjonal-historiske, ikkje av kyrkje-historiske orsaker, og um
det i sin grunn er og vert eit spraakpolitisk og nasjonalt spursmaal,
so kann saki godt for det i livet ha religiøse sidor med.
Og um ikkje maalspursmaalet er ei livssak for dei religiøse uppgaavone
aat kyrkja, so kann det godt vera ei sers viktug sak.
Eg meiner: Det er ei viktug sak.
Endaa skilnaden millom maali ikkje er større, er det ei viktug
sak. Baade for di der daa like vel er ein røynleg, kjenneleg skilnad;
og ikkje mindre for di der hev vorte ein slik medviten
motsetnad, med ein flaum av kjenslor bak paa baae sidor. Desse
kjenslone er av ulikt verd, sume verdfulle, andre ikkje. Men
dei er der.
IV.
Eg lyt faa lov til, fyrr me gjeng yver til aa røda um maalformi
fraa religiøs synsstad, aa tala litt um det spursmaalet:
Kva kaar hev dei tvo partane note av kyrkja til no?
Ein kann segja det er ein aalmenn regel, at kyrkja hev synt
godvilje, aktiv godvilje, imot bokmaalet og deim som heldt paa
det. Noko uskil hev dei ikkje lide til denne tid.
Det er naturlegt.
Bokmaalet hev hovudborgene sine i byar og paa folketette
centrumsstader, der folket kann taka til ords i kor og kann reagera
i flokk, og der dei viktugaste samfundsorgani av alle slag
plar finnast. Det hev havt makt yver administrasjonen, skuleverket
og universitetet; hev havt det meste av litteraturen, den
mektigaste pressa, og pengemakti, — stutt sagt dei fleste baade
maktorgani og kulturorgani paa si side. Intelligensklassa hev
høyrt til der. Det hev havt den sociale prestisjen. — Alt saman
sers sterke garantiar mot uskil paa nokor vis, likso vel i kyrkja
som i borgarsamfundet. For kyrkja fylgjer gjerne skikken i
denne verdi i det stykket at ho helst vil tekkjast deim som er
agelege eller mektige eller velvyrde paa eikor vis. Det er eit
menneskjelegt drag, som ein ikkje kann venta annleis.
Bokmaalet hadde dertil det me kann kalla den religiøse prestisjen.
Gjenom bruk i gudsteneste, uppbyggjing, religiøs lesnad
og i kristendomsupplæring hadde det fenge religiøs vigsle
og tradisjon.
Det er daa ikkje so uskynlegt at kyrkja og kyrkjemennene
hev synt vedhaldnad ved det.
— Nynorsken hev kyrkja og dei kyrkjelege organi radt til
den siste tid jamtyver synt lite godhug for. Kyrkja og dei kyrkjelege
organi hev stade likesæle for interessone aat deim som
heldt paa nynorsken, ofte aktivt uvenlege.
Eg maa strika under at eg tenkjer ikkje her paa deim som
hev stade paa den ytste vengen. Det hev funnest og finst mange
prestar i kyrkja vaar som er ein god mun meir hatige paa
maalet enn paa det gamle menneskjet. Dei dreiv gjerne landsmaalet
ut med Be'elsebul, dersom dei hadde havt makt til det.
Men eg tenkjer ikkje paa desse. Eg tenkjer paa den store jamne
flokken av kyrkjelege tenestmenn, kristelege bladstyrarar, religiøse
organisasjonsleidarar. Deira andlit imot nynorsken og
maalfolket hev vore: jamnast likesælt, ofte aktivt uvenlegt.
Den officielle kyrkja hev ikkje hjelpt maalfolket anten til Bibel
eller salmebok, det hev dei maatt gjera upptaket til sjølve.
Fleirtalet av prestestandet hev stade kaldt eller uvenlegt til arbeidet
i kyrkjelydane for aa faa nynorsken inn i dei einskilde
soknekyrkjone. Dei religiøse samskipnadene hev gjeve nynorsk
lite rom i styringi si og bladi sine. Dei fleste religiøse blad hev
til denne dag praktisk tala ikkje det minste redaksjonelt paa
nynorsk; dei tek inn eitt og anna som vert innsendt, det er alt.
No sist hev denne indifferente og negative stillingi synt seg med
kringkastingi. Etter dei tok til med gudstenestor og bønstunder
der, hev det laga seg noko som me kann kalla radio-kyrkjelydar.
Det er ei umgrip utan faste grensor, og usynlegt um De vil,
men ein røyndeting like fullt. Den kyrkja som er kringkastings-kyrkje
ein sundag, ho er gudshus den sundagen for den sokni
ho ligg i; men dessutan òg for lydarskaren utanum. Lydarskaren
er blanda i maalvegen. Der er ikkje gjort noko fraa dei kyrkjelege
organ eller samskipnader — kann ein segja — for aa koma
interessone aat dei nynorske til møtes. Dei hev ikkje sytt fyre
aa faa salmar regelfast i rimeleg mun paa nynorsk; ikkje for aa
faa ein slump av gudstenestone heilt paa nynorsk; ikkje arbeidt
for aa faa lagt nokre gudstenestor til kyrkjor der nynorsk kunde
brukast utan noko slag vanskar. Kongen baud kringkastingi i
Oslo Slottskapellet so dei skulde faa nokre nynorske gudstenestor
her. Han er rett nok den øvste styraren for den norske kyrkja
etter grunnlovi. Men vanleg tel ein no ikkje honom med
millom dei daglege, serleg kyrkjelege organi eller instansane. —
Praktisk tala alt som elles er gjort, hev maalfolket maatt syta
fyre sjølve. Ja, kyrkjestyret tilsette i fjor haust ein nynorsk-talande
prest ved ei kyrkje i Bergen, visseleg med tanke m. a.
paa at nynorsken skulde kunna faa eit rom i kringkastingi; det
maa nemnast. Men for denne gjerningi hev no ikkje kyrkjestyret
fenge so fælt mykje takk fraa deim som fører ordet for
kyrkjestandet, eller ifraa kyrkjepressa. «Profanasjon!» skreiv
det største kyrkjebladet paa Vestlandet, i visse maatar hovudorganet
for den norske kyrkja.
Kyrkja og hennar organ og samskipnader hev svært mykje
stelt seg nett som eit maalspursmaal ikkje fanst, og paa grunn
av det tradisjonelle tilstandet hev det stort sét maatt verta til
mismun for dei nynorske til denne tid. Og ho hev synt ikkje
so lite irritabilitet naar nokon gjorde var med at eit maalspursmaal
var til.
— Ein lyt segja at dette òg er naturlegt paa ei vis, eller i
minsto er det skynlegt.
Maalreisingi hadde utgangsstader og spreidingspunkt fraa det
som kallast provins eller avkrok. Dei maktorgan og kulturorgan
som bokmaalet hadde paa si side, deim hadde nynorsken tilsvarande
so mykje mindre lut i. Han vanta social prestisje, og
hadde i staden social fordom imot seg. — Alt dette er likso
mange hindringsmoment baade i borgarsamfund og kyrkje. For
kyrkja fylgjer her òg skikken fraa denne verdi: Midt i arbeidet
sitt til aa lindra den sjælelege og likamlege naudi hjaa den
einskilde, tek ho minst umsyn til synsmaatane hjaa dei folkelag
og dei flokkar som det er minst stas med, og som ho minst
ottast hogg ifraa.
— Og for di maalkløyvingi var so aa segja latent fyre maalreisingi,
trudde mange at der ikkje var nokor kløyving eller
noko problem; og so kjem maalreisingi med ufred og skiplar
harmonien som dei meinte der var. — Det òg var eit hindringsmoment.
So maa ein hugsa, at dei fleste tenarar i kyrkja hev gjenge ut
ifraa eit miliø som stod framandt til nynorsken, og gjerne med
mothug. Og korkje skulegonga eller universitetsutdaningi skulde
føra deim næmare til nynorsken eller den nynorske rørsla.
Noko liknande kann segjast um mange av førarane for dei friviljuge
kyrkjelege organisasjonane. Um kyrkjeleg syn kunde
vera ulik, so var dei sociale og spraaklege fyresetnadene deira
i stor mun dei same som for prestane. Og organisasjonane hadde
jamnast hovudsæti sine i dei største byane, — dei viktugaste
midstadene for bokmaalet.
Dertil kom, at maalreisingi kom jamleg i fylgje med politisk
radikalisme, ofte òg i fylgje med religiøs radikalisme. Og folk
hev ikkje skilt millom sjølve den nasjonale rørsla og so desse
straumdragi ho mykje kom i fylgje med. Folk hev no ein gong
ikkje so lett for aa skilja soleis. — Det hev støytt mange i den
aktive officielle kyrkja og i dei friviljuge organisasjonane burt.
For mange der er konservative baade politisk og kyrkjeleg.
Endeleg kjem endaa eit sers viktugt moment til: Likso visst
som bokmaalet hadde fenge religiøs prestisje og tradisjon, so
vanta nynorsken denne prestisjen og tradisjonen.
Til bokmaalet hadde det for religiøse sinn og for kyrkjelyden
fest seg ein sum av helg, av fine og usegjande kjenslor. Folkemaalet
og folkemaalsordi derimot hadde vorte avhelga; dei hadde
mist vigsla si. Det norske folkemaalet hadde vorte eit avkristna,
eit heide maal, — midt i eit land med ei kristeleg kyrkje.
Mange reagera difor reint uvilja, utan tanke, imot nynorsken.
Og for mange som tenkte, kunde det nok òg koma til aa staa
soleis, at det som var, det maatte vera soleis, og det burde vera
soleis. Det stod for tanken og kjensla deira som det norske maalet
ikkje kunde verta eit kriste maal att; og at det ikkje vilde
søma seg aa taka det upp att til kristelegt og kyrkjelegt bruk.
Dette var eit røynleg kyrkjelegt moment og den sinnsstemning
som desse tankane og kjenslone skapte i kyrkjelydane, var
noko som kyrkjemennene hadde baade rett og skyldnad til aa
taka rimelegt umsyn til. — Dei kunde dessutan bruka det til
eit paaskot naar ikkje andre grunnar var gjæve nok; til ei religiøs
kaape for sin eigen naturlege mothug imot nynorsken. Og
dei hev brukt det soleis, i rikeleg mun, utan samvitsskruplar.
Naar me ser paa alt dette, so kann me, — rett nok ikkje godtaka
alt som kyrkja hev gjort, og rett nok ikkje prisa den norske
kyrkja for vidsyn og hjartelag; men me kann alltid skyna
eit godt stykke paa veg at ho hev stade indifferent og negativ
tilmaalrørsla og maalfolket.
V.
Ut ifraa desse faktiske tilhøvi trur eg, at naar me skal tala um
kva maalformi hev aa segja for det religiøse livet, so treng me
ikkje tala um bokmaalet.
Paa grunn av den maktstoda det hev i den sociale, økonomiske,
administrative, kulturelle og kyrkjelege yverbygnaden hjaa
oss; og paa grunn av den stilling det hev fenge gjenom tradisjon
i kyrkja gjenom lange tider, hev det ei faktisk trygd for
at det fær det rom i kyrkja og fær spela den rolla i det religiøse
samfundslivet som tilkjem det, minst.
Uppgaava vert aa samla tanken um nynorsken. Og spyrja:
Kva verd hev han, anten for heile den norske kyrkja eller for
luter av henne.
*
Daa lyt me aller fyrst peika paa eitt hovudfaktum, — me hev
vore inne paa det fyrr, men eg maa nemna det her att:
Nynorsken — det er for det meste dialektar under nynorsken
— er morsmaalet for storluten av folket, — for 9/10 av nasjonen.
Spursmaalet snur seg daa soleis til for storluten av folket:
Kva verd hev morsmaalet i det religiøse, og det endaa um
skilnaden millom maali ikkje er større enn hjaa oss?
Kva hev i det heile det nasjonale serlaget aa segja?
Naar det gjeld dette emnet reint aalment, so trur eg me alle
saman er samde. Me er samde um at baade morsmaalet og heile
det nasjonale serlaget hev mykje aa segja.
Sansen for dette er gamall i kyrkja. Det Nye Testamentet
gjev fagert ord for at morsmaali, nasjonalmaali høyrer med til
den fulle utfalding i aandsens rike. Alle høyrde apostlane tala
den fyrste kvitsunn-morgonen kvar paa sitt tungemaal, stend
der. Den siste sjaa-aren i Den Heilage Skrifti saag fram til den
store skaren som ingen kunde telja av alle folk og ætter og
tungemaal.
I ei preike fraa vaar gamle norske kyrkje, stavkyrkjepreika
som tolkar kyrkjehuset som ei bilæte paa heile kristenlyden paa
jord, stend det: «Liksom kyrkja — det er stavkyrkja — er gjord
av mange saman-sanka luter, soleis samlast kristenlyden til ei
tru or mange folk og tungor», — tungemaali er med i bygningsvyrket.
Det er vanleg slett ikkje mindre skyn no innan kyrkja enn
fyrr for at det nasjonale hev verd for det religiøse òg. Paa misjonsmarkene
legg dei vinn paa no — ikkje rettare eg hev forstade
— aa taka umsyn til det nasjonale serlaget aat folki. Dei
syner positiv interesse for det. Dei freistar gjota kristenaand i
nasjonale kjerald. Dei meiner dei hev kome etter at det gjerne
veks fagrast og rikast daa.
Dette med det nasjonale er ein reformasjonstanke òg, ein ekte
luthersk tanke.
— Eit heimlegt, nasjonalt maal fører under naturlege tilhøve
forkynningi og dei heilage sanningane næmare og varmare inn
til hjarta aat den einskilde. Det gjev kyrkja i eit heilt folk kraft
til aa skjota rikare blom, millom anna i religiøs dikting (salmen),
men paa annan maate òg; for det frigjer evnor som elles
ikkje vert frie. Ei rørsle som i sin grunn er ei spraakleg-nasjonal
frigjerings- og sjølvhævdingsrørsle, kann difor verta ei byggjingsmakt
for kyrkja òg i eit land, so sant kyrkja kjenner
vitjingstidi si. — Kvar ny tunge endeleg som vert kristna og
vigsla til Guds ære, er ein ny rikdom for den store kristkyrkja.
For ho er ei ny og sermerkt røyst i den store koren.
Desse sanningane, som me alle er samde um reint aalment,
meiner eg me maa nytta paa vaare eigne, heimlege tithøve, endaa
um skilnaden millom maali ikkje er større enn han er.
Me maa rekna det som ei uppgaave for det norske folket innan
den store kristkyrkja aa lyfta ei serskild, sermerkt røyst
der. Det er ein skyldnad, for kvart folk skal forma sitt emne,
som Olav Aukrust segjer, — forma det etter sin serhaatt og sitt
serlag, og dermed gjeva til det store samspelet eit tilskot som
dei andre ikkje hev fyrr, og som berre dette eine folket kann
gjeva.
Me maa òg ha rett til aa tru, at det som er det rettelege morsmaalet
for storluten av nasjonen, det vil her i Noreg òg kunna
løysa aandelege evnor som ikkje elles hev so lett for aa faa utløysing;
og dermed vil det kunna gjeva større rikdom og livskveik
serskilt til vaart, det norske kyrkjesamfund. — At so er,
det tykkjer eg me alt hev handgripelegt prov paa. I dei siste
halvhundrad aar og vel det er det uimotsegjeleg den nynorske
salmediktingi som hev blømt rikast her i landet, endaa flokken
av medvitne maalfolk hev vore mykje mindre enn hin flokken
den lengste tidi. Det hev endaa til vorte raad aa skapa ei heil
nynorsk salmebok, som hovudsakleg byggjer paa norsk salmedikting.
Dei salmebøker som elles hev vorte til her i landet, lat
deim vera gode, men dei er etter sitt innhald i det meste ikkje
frukter av den norske kyrkja og norsk kristenaand. For det
meste hev tilskotet fraa den norske kyrkja til desse salmebøkene
vore at ho hev umsett, eller skipa med rettskrivingi, men
sjølve salmane er ikkje vaksne hjaa henne. Den norske maalrørsla
er den fyrste, og den einaste til denne dag, som hev havt
lukke og makt til aa bera fram eit salmeverk som i sanning er
ei frukt av den norske kyrkja. Eg tykkjer det ligg eit mektigt
vitnemål i dette um at det nynorske maalet er eit aktivum for
kyrkja vaar, og ei frigjeringsmakt, allvisst for store luter av
henne. For det veit me: Det er det nynorske maalet som hev
løyst tungebandet hjaa dei nynorske salmediktarane og gjeve
deim rikdom i songar-mælet. Del hadde ikkje kunna gjeva det
dei hev gjeve utan nettupp med det maalet.
Me maa endeleg rekna med at det nynorske morsmaalet, det
hev ei serskild evne til aa bera den religiøse paaverknaden nær
og varmt inn til hjarto aat den einskilde, til dei meinige kyrkjelemene,
— gjenom salme og gudsteneste, i lesnad, i upplæring.
Difor er det ei uppgaave som hev religiøst verd ved seg for
den einskilde òg, aa koma folket til møtes paa nynorsk, der som
dei ynskjer det. Og det er ei uppgaave som hev religiøst verd
der som folket talar nynorsk, men hev fordom mot aa taka
imot dette sitt eige maal som kyrkjemaal og religiøst maal: —
aa hjelpa til med aa brjota ned denne fordomen, so at kristendomspaaverknaden,
kann faa bruka det maal som hev dei løynlegaste
og finaste kanalane inn til hjarto.
VI.
Naar me skal taka det praktisk og konkret, so er det greidt, at
mest brennande vert spursmaalet, mest um aa gjera vert det
der som nynorsk er innført i skulen og ungdomen soleis hev
fenge kristendomsupplæringi paa det maalet, og der nynorsk
elles òg hev vunne meir eller mindre social og religiøs prestisje.
Paa slike stader trur eg at det kyrkjeleg og religiøst sét, — ikkje
herre nasjonalt — er ei svært lite gagnleg gjerning dersom dei
officielle kyrkjeorgani eller leidarane for religiøse samskipnader
freistar meinka nynorsken full og fri inngang i kyrkja. Serskilt
paa slike stader vil det kyrkjeleg og religiøst sét òg —
ikkje berre nasjonalt — vera gagnlegt at dei kyrkjelege organi
hjelper positivt til med aa faa nynorsk inn i gudsteneste og uppbyggjingsliv.
Serleg er det um aa gjera med ungdomen. Ved upplæring og
paaverknad er ikkje herre fordomen mot det norske morsmaalet
nedbroten hjaa honom; og han hev ikkje herre fenge det
religiøse innhaldet sitt knytt til det nynorske maalet. Men ein
ikkje liten part av ungdomen paa slike stader hev fenge ein positiv
godhug for nynorsk. Ofte er dei, og det nettupp dei mest
verdfulle av deim, beint fram gripne og uppglødde.
Eg trur kyrkja gjer ei svært god gjerning med aa koma denne
ungdomen til møtes. Det er vanskelegt for ungdomen i desse
tider. Ein fær vera glad for dei ideal han bergar. Og ein bør
hjelpa han med aa syna skynsemd og godvilje naar han hev
noko fyre seg som er av aand, og som det er lyftingsmakt i.
VII.
Eg lyt faa nemna nokre motmæle som vanleg kjem imot nynorsken
i kyrkja.
1. Det eine er dei gamle, — umsynet til deim.
I dei nynorske kyrkjelydane òg vil det gjerne vera so: um
ungdomen og fleirtalet er løyst ifraa bokmaalet, so vil det finnast
gamle som er bundne til bokmaalet med inderlege, religiøse
band. Dette vert bore fram i mange høve imot aa føra inn
Nynorsk salmebok, nynorsk altarbok og nynorsk kyrkjemaal i det heile.
Dette er eit vanskelegt og vart punkt. Det er rett aa taka paa
det med varlege og ikkje med grove hender.
Men ein maa ikkje gjera for mykje utav dette punktet heller.
For det fyrste er det som han sagde ein gamall bokmaalsmann
i ein skulekrins i Fana burte ved Bergen, dei skulde ha
skulemaalrøysting: Me fær taka landsmaalet for borni skuld,
sagde han, og bøkene tek dei ikkje fraa oss. Dei bøkene som
hev vorte kjære og umissande for dei gamle, vert ikkje ifraa
deim tekne.
For det andre: Det gjeng ikkje vel i kyrkja heller aa lata den
høgste alderdomen ha hovudavgjerdi um leid og fart og utvikling.
Dette er ein aalvorleg og skakande tanke for oss alle, for
alle kann me verta gamle, um me ikkje er det. Ikkje dess mindre
lyt det staa fast.
For det tridje: For dei gamle paa landsbygdi i alle fall, dei
som hev tala nynorsk all sin dag, er det ofte ikkje so vanskelegt
som mange trur, — serskilt dersom dei fær litt venleg hjelp.
Naar dei freistar, er ikkje nynorsk so framandt og uvant og
raadlaust til uppbyggjing som dei tenkjer seg.
Eg lyt faa fortelja ei liti soge.
Eg kjenner ei gamall kone, ho er yver 70 aar no. Ho er fraa
ei fjellbygd der vest. Ho hev fenge all si upplæring paa bokmaal,
hev havt berre det i kyrkja, og berre det i sin religiøse
lesnad i alle aar. So for henne var daa bokmaalet kjent og kjært,
og samanvove med det løynde livet. Men so hende det i alderdomen
at ho fekk tak i ei uppbyggjingsbok paa nynorsk, det var
endaa Ludvig Hope: Mot maalet. Og ho tok til aa lesa i denne
boki. Det hev laga seg soleis, — korleis kann vera det same —
at eg hev kome til aa sitja og høyra paa nokre vendor naar ho
hev lese sundagsteksti i den boki. Og det torer eg segja: Eg hev
merka at ordi er ikkje mindre rike for henne no enn dei var
fyrr. Som Vinje sagde: «Alt er som fyrr, men det er meir forklaara».
Eg kann ikkje hjelpa fyre det: eg hev tykt det hev vore
takande aa høyra den gamle kona sitja der og lesa um dei heilage
ting med dei ordi som baade ho og alt folket brukte der
som ho er ifraa. Eg skulde gjerne ha unnt andre gamle som
eg hev kjent og som er burte no, den same lukka, at dei kunde
ha fenge sete og lese paa same maaten.
Sanneleg: for mange gamle vilde det vera til større hjelp enn
for dei unge um dei kunde faa sitt eige maal, sitt eige mæle lyft
upp i sitt religiøse liv. Og det er ei stor og inderleg uppgaave
aa hjelpa deim fram til det, — gjeva baade den ytre og den indre
hjelp som trengst.
2. Eit anna motmæle imot nynorsk i kyrkja er: sokneraadi og
førarane for dei religiøse samskipnadene utyver.
Hev dei kravt nynorsk? vert der spurt. Meiningi er: Dei hev
ikkje kravt.
Til dette skal sannferdeleg svarast, at til denne tid hev dei
veikaste kravi um nynorsk kome fraa sokneraadi og samskipings-leidarane
rundt um.
Men av dette fylgjer ikkje, at ikkje nynorsken hev nokon rett,
og noko verd for kyrkjelydane.
For sokneraadi og samskipings-formennene hev til denne tid
jamleg ikkje vore gode repræsentantar for maalstoda i kyrkjelydane.
Naar det gjeld sokneraadi — og dei hev mest aa segja her —
er den radt uhepne valskipnaden dei mykje hev brukt ved sokneraadsvali
ein grunn.
Det nære tilhøvet sokneraadi stend i til prestar som stend indifferent
eller negativt til nynorsken er ein annan.
Sokneraadi lyder gjerne dei kyrkjelege bladi, og parolane derifraa
hev til denne tid jamleg ikkje vore anten venlege eller
skynsame imot maalkravi, — det er ein tridje og sers viktug
grunn.
Det lyt ein snunad til i sjølve innstillingi hjaa sokneraadi vida
utyver til maalspursmaalet. Og det lyt aalment koma inn ein
valskikk som byggjer paa tiltru til kyrkjelyden.
Fyrr det hender, vert ikkje røysti fraa sokneraadi aalment
det same som røysti fraa kyrkjelydane naar det gjeld maalspursmaalet.
Og dei kann ikkje aalment gjeva paalitande rettleiding
um kva torv det er til norsk maal i kyrkja.
3. Kjem det fleire til kyrkje naar det er nynorsk? spør dei; —
det er eit tridje motmæle. Meiningi her og er: Nei.
Dette er eit spursmaal som høyrest rettferdigt ut. Og eg hev
ei kjensle av at spyrjarane ofte kjenner seg rettfedige naar dei
spør.
Eg vil faa koma med eit motspursmaal her: Aukar kyrkjesøknaden
i vaare dagar der som dei hev bokmaal? Det hev aldri
vore so rikeleg med kristeleg forkynning som i vaare dagar. Ordet
hev runne i straumar rundt land og strand, paa bokmaal.
Hev det auka jamtyver med søknaden i bokmaalskyrkjone, t. d.
i dei siste 20 aari?
Dersom dei ikkje kann svara ja paa dette spursmaalet, hev
dei ikkje rett til aa spyrja um verknaden av nynorsk i den tonen
som dei ofte spør.
Eg vil raada maalfolk til at del ikkje lovar at kyrkjesøknaden
skal auka naar det vert nynorsk. Det vil jamleg ikkje slaa til,
og sanning skal det vera i det som vert frambore.
Men spursmaalet kann ikkje med god rett stellast soleis som
dei vanleg steller det, — slik som tilhøvi i notidi røynleg eingong
er. Spursmaalet lyt formast soleis:
Kann kyrkja halda meir fast paa nokre av deim ho hev med
aa bruka nynorsk?
Og kann kyrkja valda at endaa fleire gjeng burt med aa ikkje
bruka nynorsk?
Det spursmaalet lyt me svara eit aalvorlegt ja til.
Der er ein sjanse — meir skal ikkje segjast — til at kyrkja
kann halda meir fast paa sume av deim ho hev med aa nytta
nynorsken. Der med kann det med tid og stunder koma til aa
verta fleire i kyrkja òg.
Og der er ein stor sjanse til at ho kann faa endaa fleire til aa
halda seg burte, dersom ho framleides avviser nynorsken paa
den maaten ho tidt og ofte hev gjort.
Serskilt kann ho faa endaa fleire millom den uppveksande
ætti til aa halda seg burte.
Ungdomen ser, at prestane er paa livet for aa krenkja maal-kjenslone
hjaa folk i byar og der som bokmaalet raader. Men
prestane gjer gjerne imot maal-kjenslone der som nynorsken
raader. Naar det so vert forkynt at alt saman dette gjer tenarane
i kyrkja berre av umsut for sjælehelsa aat folket, so støyter slikt
snakk ungdomen ifraa. Serskilt den verdfullaste ungdomen, den
med intelligens og med friske moralske instinkt. Ungdomen er
var for ekte og uekte.
Og naar eit bispemøte gjer eit vedtak som no i fjor haust,
dreg ikkje det heller til. Hovudumsynet ved tilsetjingar av prestar
maa vera «det kyrkjeleg-kristelege», vedtok dei vakkert.
Men fleirtalet av bispane vilde ikkje vera med paa aa segja at
ein daa «bør kunna taka rimelegt umsyn» til landsungdomen i
dei større byane og til radio-lydarane i dei nynorske bygdene.
Bispane maatte vita at dette vedtaket — fleirtalsvedtaket —
vilde verta tolka soleis: Bokmaalstalande prestar skal fritt kunna
tilsetjast i baade norskdanske og nynorske kyrkjor. Men dei
nynorske prestane skal halda seg til sine eigne beitemarker. Eg
fæler fyre at sume av fleirtalet meinte vedtaket soleis. Men dei
skal ikkje undrast um sume unge dreg upp ein kaldflir til slikt.
*
— Det er ymse andre motmæle òg som kjem. Men me kann
ikkje faa røda um det alt saman her. Dei segjer t. d.: «Mange
maalfolk, serskilt nettupp ungdom, samlar seg til kyrkje den
dagen det er maalrøysting, sidan ser ein deim ikkje meir». —
Dette er sant. Mange bokmaalsfolk òg strøymer til kyrkja den
dagen det er maalrøysting, og held seg undan sidan. Det er noko
som fylgjer med paa baae sidor. Der med fær ein vera ferdig
med den ting i denne samanheng.
— Eller dei segjer: «Det er noko utvertes med den nasjonale
ungdomen, t. d. naar han vil ha prest og nynorske messor paa
stemnone sine». Til det vil me svara. Fyrst: Korleis kann dei
no granska hjarto og nyro so vel? Di næst: Naar ungdom i sømd
og ære bed um aa faa høyra ordet, var det daa ikkje i alle høve
betre at kyrkja kom dei til møtes, endefram og med ope hjartelag?
Maa tru um ikkje det vilde bera betre frukt?
VIII.
Me hev tala um dei nynorske kyrkjelydane. Me vil tala noko
um byane, der nynorsken hev minst rom, og um maalspursmaalet
der.
Ser ein paa talemaalet, so høyrer fleirtalet inn under nynorsken
der òg. Nynorsk er det som ligg nærmast det rettelege
folkemaalet, morsmaalet aat fleirtalet i dei fleste bygdene òg.
Men dette hev lite gjenge inn i medvitet hjaa folk. Det er difor
ikkje so vanlegt aa reflektera ut ifraa den synsstaden som
dette gjev. Eg skal ikkje gjera det her heller, — endaa det kann
vera lønsamt aa tenkja igjenom saki fraa den sida.
Ser ein derimot etter korleis dei medvitne maalpolitiske flokkane
stend imot kvarandre — og det er det folk vanleg gjer —,
so er nynorsken ikkje i fleirtal. Han er i mindretal i alle byar,
tenkjer eg.
Men ein maa daa òg koma i hug at der er nynorske mindretal
alle stader.
Der er gamle byætter med sterke, stundom avgjort sterke nasjonale
sympatiar.
Og der er den store innflytjarfiokken, som held uppe eller
aukar folketalet i byane. Ein stor og veksande procent av desse
innflytjarane, serskilt ungdom som samlar seg i bondeungdomslagi,
er sterkt nasjonalhuga og nynorsk-interessera.
Mindretal hev ikkje fleirtals rett. Men mindretals rett skal
dei ha. Til denne tid hev dei nynorske mindretali i byane jamnast
ingen rett havt.
Baade den officielle kyrkja og dei religiøse samskipnadene
hev til denne tid gjort ovleg lite for desse nynorske mindretali.
Biskop Bang fekk skipa til nynorske gudstenestor i Oslo. Biskop
Hognestad heldt nynorske preikor i Bergen og møtte den nynorske
ungdomen i lagi deira der og preika paa nynorsk der òg.
Kyrkjestyret heldt ei tid ungdomsprestar som preika paa nynorsk
i byane med. Nokre menn med kyrkjeleg autoritet hev
fenge skipa eit kristelegt bondeungdomslag her i Oslo for nokre
aar sidan. Ein kunde attaat dette nemna eit par prestetilsetjingar
som kyrkjestyret hev gjort (i Trondheim og Bergen); den
eine hev eg alt rødt ein grand um.
Mykje meir er der ikkje aa nemna, trur eg. Naar sant skal
segjast, hev bondeungdomslagi — dei frilyndte bondeungdomslagi
under Noregs Ungdomslag og Noregs Maallag — gjort ein
god mun meir til aa hjelpa bygdeungdomen i byane til rettes,
berga deim fraa utgliding og der med halda ved lag ein frisk
religiøs grobotn òg, — ein god mun meir hev desse lagi gjort
enn den officielle kyrkja. Ho hev mesta ingen ting serskilt gjort.
Eg trur det kyrkjeleg og religiøst og — ikkje berre nasjonalt
— vilde vera ei vinning um kyrkja tok umsyn til desse mindretali
i byane og deira serlege torv.
— Eg vil nemna tvo maatar dei kann gjera det paa. Det er
samstundes tvo krav som maalfolket no kjem med.
Det fyrste er, at det vert skipa til, fast, nynorske gudstenestor
i dei større byane. Det let seg gjera. Det er serlege tilhøve i ein
by, annleis enn paa dei fleste bygder. Ein kann sjaa kollektivt,
um ein so maa segja, paa ein by. Sjaa heile byen og alle kyrkjelydane
under eitt. Daa let det seg gjera aa finna ein utveg. Ein
maate aa gjera det paa var aa tilsetja serskilde nynorske prestar,
som ikkje hadde noko med nokon einskild kyrkjelyd aa
gjera. Naar ein ser paa det ordskiftet som var burte i Bergen
i fjor haust kring ei tilsetjing der, kunde ein nok vera freista til
aa segja at dette høvde best. Det høvde i minsto til illustrasjon
paa kor uforliklege dei kristne er. Skulde ein fara etter det som
hev vore skrive, burde det ikkje berre tilsetjast ser-prestar for
maalfolket, men byggjast ser-kyrkjor òg, so mykje ikkje den
eine skulde smitta den andre. Men staten hev ikkje raad til
dette. Staten hev ikkje raad til aa financiera all usemja i den
kristne kyrkja, allvisst ikkje i desse tider. Og so trur eg ikkje
me skal fara etter det som hev vore skrive heller av sume ordførarar
for kyrkja. Det stend i ein salme av Sigurd Nesse: «Heil
deg stillfarande fylking». Det finst ein stor, stillfarande flokk,
i byane òg, som ikkje styrer avisor eller skriv i avisor, ikkje
stig upp paa talarstolar eller er noko stort, men som gjer pliktene
sine. I denne stillfarande flokken er det paa kvar stad so
mange rimelege, gilde folk, som gjerne gjer bror sin ei beine
paa vegen.
Eg trur, at med denne gilde flokken er det raad aa koma til
rettes, endaa um ein ikkje kann koma til rettes med dei offentlege,
aandelege piggsvini. Beint fram sagt: Der er so mange rimelege
gilde folk i alle byar. Eg trur me maa kunna verta samde
med deim um aa faa nokre nynorske prestar ved dei vanlege
soknekyrkjone i dei større byane, og eit rimelegt tal med nynorske
gudstenestor, naar me talar mann til mann med deim; talar
endefram um at dette er naudsynt no. I minsto maa me kunna
verta nokolunde forlikte, so me ikkje treng klora ut augo paa
kvarandre. Eg neittar aa tru at det som kom fram baade i dei
profane og dei kyrkjelege bladi i fjor haust kring tilsetjingi i
Nykyrkja — innsendt og redaksjonelt — at det repræsenterar
fullt ut aandi hjaa sjølve kyrkjelydane anten i Bergen eller i
andre byar.
— Den andre maaten til aa koma dei spraaklege mindretali
i byane og deira serlege torv til møtes, er at det regelfast vert
brukt nynorske salmar ved alle gudstenestor. Her vil eg segja:
Det var vel og visleg gjort naar prestane og sokneraadi i Bergen
no nyleg vart samde um aa avskipa den hatfulle boykotten av
nynorske salmar som hev vore i kyrkjone i Bergen. Det skal dei
ha takk for. Det vilde vera vel um dei fylgde det fyredømet
andre stader.
Det kunde vera høvelegt aa koma inn på kringkastingi att her,
som eit tridje punkt. Men det vert ikkje tid, og det er dessutan
ei sak som kjem heile landet ved, ikkje berre serskilt byane.
Det skal berre segjast: Her er ei kyrkjeleg sak, som lyt greidast
med. Det vilde vera gildast for alle, og gaa best um dei officielle
kyrkjeorgani sjølve vilde taka saki upp og greida med henne.
Det er deira sak, og det gjeng best naar dei som det tilkjem,
greider upp med ei sak.
I byane òg veg umsynet til ungdomen mest.
Innflytjarane er mest ungdomar naar dei kjem. Og det er
vanskelegt naar folk kjem burt fraa den tilvande umkrinsen,
og misser den kontroll og den studnad som eit fast, tilvant miliø
gjev. Med det same ungdomen kjem til byen, kjenner han seg
utan kontroll, og er utan kontroll og hjelp fraa miljøet i ikkje
liten mun. Det er til styrkjing moralsk og aandeleg og ei vern
imot utgliding i den krisa som kjem, di meir han kann halda
fast paa minni og vyrdnaden for far og mor og heiderlege tradisjonar
heimanfraa. Kyrkja segjer nok: Hugs paa far og mor
og det gode du hev med deg heimanfraa! Men naar bygdeungdomen
kom til kyrkja, hev han jamleg fenge merka til denne
tid, at maalet aat hans far og mor var ingenstad godt nok der
heller. Det er ei mykje aalvorlegare sak no enn fyrr, etter den
aktive medvitne maalreisingi er uppkomi. Paa den maaten hev
kyrkja vore med og løyst bandi som skulde hjelpa ungdomen.
Det vilde vera godt um dette kunde verta annleis.
— Eit anna serskilt umsyn som maa vega naar det gjeld kyrkja
og maalet i byen, det er umsynet til det som eg vil kalla
retten aat foreldri. Her talar eg paa eigne vegner. Me foreldre
som held paa nynorsk, ynskjer at det maalet skal helgast i kyrkjone
for borni vaare. Og me reknar at me hev rett paa det, naar
der finst ein rimeleg utveg til aa faa skipa det til.
- Eg vil nemna endaa eit par moment som me maa kalla
kyrkjelege moment naar det gjeld nynorsk og kyrkja i byane.
Det fyrste er: Den nynorske salmeskatten er aandeleg verdfull.
Det vil vera ein aandeleg rikdom ikkje berre for dei nynorske
mindretali, men for alle aa faa lut i han, — berre fordomen
kann brjotast ned.
Ein prest skreiv i 1911:
«Blix's originale salmer er en stor gave fra Gud til vor kirke».
Men «jeg er riksmaalsmand».
Ordi hadde han visseleg sitt forsvar for.
Men det tvilde vera aandeleg nyttigare um kyrkjelydane ikkje
tala soleis som denne presten.
For det andre: Det er ein motsetnad millom land og by, sterkare
og mindre sterk etter som tilhøvi er paa kvar stad. Det er
ei god og aandeleg sét verdfull gjerning av kyrkja at ho hjelper
til med aa jamna ut motsetnaden. Men vilkaar for utjamning
er at dei tvo partane lærer aa kjenna og tola kvarandre og det
som kjem ifraa den andre parten. Kyrkja kann gjera ei god og
fager gjerning for utjamningi med aa læra kyrkjelydane i byane
til aa kjenna dei nynorske salmane, og nynorsk gudstenestemaal.
*
Men so hev ein vanskane. Vanskane fraa hi sida, med bokmaalsfleirtal.
Rett nok trur eg ikkje desse vanskane er so store
som mange gjer deim til, det vil De skyna av det eg hev sagt
fyrr. Der er ikkje noko fleirtal som er urimelege, naar ein kjem
folk inn paa livet. Der er ein mindre flokk som ser raudt og fær
tyningsaandi i seg, berre dei verar det minste «maal». — Men
noko reelle vanskar er der daa for kyrkja i byen, det kjem ein
ikkje ifraa. Størst er dei kann henda i denne tidi i Bergen og i
Trondheim og ymse smaabyar, derimot ikkje, etter mi tru, i
Oslo.
Eg trur at me lyt segja naar det gjeld desse vanskane: Fleirtalet
hev fleirtals rett.
Men det hev ikkje all rett.
Det er i minsto noko ein plar freista trygda seg i det borgarlege
samfundet, at fleirtals-rett skal ikkje verta fleirtals-tyranni.
Der finst dei som vil laga kyrkjestreik imot nynorsk, endaa til
imot det minste.
Skal dei raada?
Eg minnest eit svar som biskop Lunde gav.
Det var i ei kyrkje innved Oslo, nokre i kyrkjelyden bad paa
ein visitas um at prestane maatte gjera vel og nytta noko nynorske
salmar. Ein av prestane — ein gild mann som ingen fær
segja noko ilt um —, nemnde at han kjende ei dame som vart
so aandeleg distrahera naar det kom ein nynorsk salme, at ho
laut gaa ut imedan. Det laut ein daa taka umsyn til, meinte
presten. Biskop Lunde sagde:
«Daa er me paa den andre sida av religion».
Eg trur ikkje det er kyrkjeleg og religiøst gagnlegt at kyrkja
autoriserar slik svart, utriveleg fanatisme til respektable kyrkjelege
og religiøse motiv, kva kant dei so kjem ifraa, — det endaa
til um fanatismen kann ha nokso sterk social sanksjon.
Kann ho ikkje heilt yvervinna slikt, so kann ho mæla imot.
Dei som lyt gaa ut den stundi det skal synast ein liten godvilje
mot grannen deira, dei fær i Guds namn gaa.
IX.
Maalstriden — ogso maalstriden i kyrkja — hev sitt upphav
i den politisk-nasjonale soga vaar. Det attarste som driv fram og
maa driva fram i maalstriden — ogso maalstriden i kyrkja — er
politisk-nasjonale motiv. Men samstundes fær saki i det røynlege
livet religiøse sidor òg.
I striden — striden i kyrkja òg — lyt fleirtal ha lov til aa
bruka retten sin. Kyrkja kann gjera sitt til at dei ikkje brukar
meir enn retten. Til at mindretali fær sin rett der som det er
rimeleg utveg til det. Det er ei aandeleg vinning.
Kyrkja kann ikkje hindra at me slæst. Og ikkje er det noko
gale i aa slaast heller! Men ho kann gjera sitt til, med aa syna
sann godvilje til baae sidor, at striden ikkje vert beiskare, og
tapi ikkje større enn som trengst, og til at det kann koma so
mykje positiv vinning som raad er ut av striden.
— Striden hev stundom eit lag til aa gjera oss harde og vonde.
Stridsklædnaden vil stivna til skal ikring oss. Daa er det godt
um me kann leggja av oss stridsklædnaden ender og daa for ei
stund, og gaa inn og setja oss jamsides og lata den kjensla strøyma
igjenom oss, at me er alle menneskje, og alle av eitt folk,
under dei same vilkaar. Det hev verd baade for samfundsvokstren
og den religiøse vokstren.
Til dette kann kyrkja gjeva mest hjelp naar ho syner ærleg
godvilje til baae sidor.
Paa den maaten kann ho faa gjort sitt til at striden kan førast
riddarleg. So det midt under striden — som ikkje skal leggjast
ned — daa like vel kann verta noko sant i dei mangfaldig
uppatt-tekne ordi:
Lat folket som brøder saman bu,
som kristne det kann seg søma.